Hemsedal folkebibliotek
 

 

Biblioteket er ope:

tysdag kl 11.00 - 14.00 og kl 17.00 - 20.00
onsdag kl 17.00 - 20.00
torsdag kl 17.00 - 20.00
laurdag kl 11.00 - 14.00

Opningstider om sommaren (skuleferien):

tysdag og torsdag: kl 11.00-14.00 og 17.00-20.00

Biblioteket er ope til vanleg tid i haust-, jule-, vinter- og påskeferien.

Biblioteket ligg ved riksveg 52, mellom kyrkja og Trøimshallen.

I biblioteket kan du lese aviser og tidsskrift, sakspapir til møte i kommunale styre og utval og anna offentleg informasjon. Du kan bruke bruke biblioteket sine pc-ar, søkje på internett, ta utskrifter og få hjelp til kopiering.
Du kan låne romanar og forteljingar, fagbøker av alle slag, biletbøker for dei minste, barnebøker og ungdomsbøker. Biblioteket har lydbøker, filmar, musikk og språkkurs.

Om du sjølv vil finne ut kva biblioteket har -

 Søk i katalogen

Då kan du òg logge deg på eTenester og sjå kva du for tida har som lån frå biblioteket, forlengje lånetida eller sjå om du snart får boka du ventar på. For å nytte eTenester må du ha lånekort og passord. Det får du i biblioteket.

Send gjerne ei bestilling eller eit spørsmål med
e-post til biblioteket